Brev sendt til Stryn kommune frå Hyttelaget
Stryn, den 01.02.2012
Stryn Kommune
postmottak@stryn.kommune.no
6783 STRYN
Anmerkning til kommunedelplan for Bøanedsetra-Ullsheim, vedteke i formannskapet den 18.01.2012.
Hyttelaga i Bøanedsetra, Hydla og Dybevoll har vurdert det nye forslaget til reguleringsplan og har følgjande anmerkningar til dei nye planane:
-
Auka tettheit av hytter og utviding av hyttefelta, vil gje store negative konsekvensar i høve til landskapet.
-
Det får store negative konsekvensar å ta inn i planen igjen område F031, samt heve grensa for hyttebygging i F013. Dei smale korridorane og den høge utnyttelsesgrada vil gjere det mindre attraktivt for allmenn ferdsel. Området vil verte ueigna til friluftsformål, då ein vil få følelsen av å gå i byggefelt.
-
Området rundt Spjelkebu, Badedammen, Tverrfjellet, Øvrebergsetra bør bevarast mest muleg i si opprinnelege form, også når det gjeld biltrafikk og vinterbrøyting. Nye hytter i område med gammal bebyggelse bør i størst mest muleg grad tilpassast eksisterande sætre og hyttemiljø. Det må utarbeidast planar for dette, og planane må etterlevast.
-
Eksisterende hytteeigarar er ikkje villige til å sleppe til meir trafikk på eksisterande vegnett gjennom hyttefelta. Dagens vegnett er ikkje dimensjonert for ytterligare trafikk, og auka trafikk vil medføre store ulemper for dei som allereide har bygd nær vegen. Samtidig vil det vere brot på forutsetningane som er gitt tidligere.
Dei fleste som har kjøpt hytter/hyttetomter i Stryn har lagt stor vekt på det flotte friluftsområdet og dei fantastiske muligheitene for friluftsliv i området. Å ta inn igjen i planen området F031 samt heve grensa for hyttebygging i F013 vil gje store negative konsekvensar for tradisjonelt friluftsliv med utgangspunkt frå Tverrfjellet og Vik/Tonningsetra.
Den mest negative sida er vilkåra for utøving av friluftsliv i område som så langt har vore prega av urørt natur. Deler av dette kan bli redusert til passasjar mellom hytter og vegar.
Vi ber om at dei opprinnelege planane av 29.11.2011vert lagt til grunn når ny kommunedelplan skal vedtakast.
Vil det i framtida verte like attraktivt å bygge hytte i Stryn?
Med helsing for
Bøanedsetra Hyttelag Hydla Hytteeigarforeining Dybevoll Hyttelag
Eldar Sande Lodve Strandabø Sverre Tenfjord
Nyheter og info ang. kommunedelplan
Styret ynskjer tilbakemeldingar på viktige punkt for hytteigarane, som dei vil ta med i sitt tilsvar på kommuneplanen. Kom med det som er viktig for deg som hytteeigar; friluftsliv, infrastruktur, antall hytter etc..
Ta kontakt med en i styret eller send e-post til hallgeir@boanedsetra-hyttelag.com
Plansprogram
https://stryn.kommune.no/innsyn.aspx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2009002227&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=467&
Nyeste kommentarer
orange
Vert det ein grillfest / sommarfest i år?
Tusen takk for alt arbeidet de i styret gjer for hyttelaget. Vi skulle på årsmøtet men det vart midt i leggetid til baby + storesysta. Vi kjem på neste møte!
Nye Carvinski til vinterferien?
Selger pent brukte Headski og Headsko kr. 1000.-
Bilder og meir info under fana brukt/kjøp/salg...